Øystein Ulsberg Brager

Teaterregissør, dramatiker, dramaturg

Øystein Ulsberg Brager

Vildanden

Plakat Vildanden liten

Ei skjeggete Vildand

Inne på eit mystisk, mørkt loft, mellom krinklar og krokar, blant gamle skatoll og støvete bøker har familien Ekdal ei vill and. Det hadde dei i 1885 då stykket vart sett opp for første gong, og det har dei framleis i dag, når SoFt flyttar stykket til vår samtid, inn i ein moderne heim ein eller annan stad her i fylket.

Du har kanskje eit sånt loft du òg? Der du har gøymt alle løyndomane frå ungdomstida, grave dei ned blant pappøskjer fulle av både stolte og vonde minne? Innerst i hjernebarken har du kanskje innsett kven du er, eller kven du kunne ha vore, innsikt du lar ligge trygt forvart i bortgøymde loftsrom i hjernen?

Både fortid og notid er fulle av løgn, dette er like sant for oss som det var for Ibsens småborgarar. Men kanskje gjer vi same feilen som Gregers, som ikkje vil la Hjalmar leve i løgn? Kanskje burde vi ha høyrt på Relling, og la sovande hundar sove? Relling står trass alt for eitt av Ibsen sine mest kjente sitat, som i Maria Tryti Vennerød si solide omsetjing til nynorsk lyder slik:

Tar du livsløgna frå eit gjennomsnittsmenneske tar du lukka frå det med det same.

Med eit knallsterkt ensemble inviterer vi publikum med på eit skjebnesvangert angrep på livsløgna.

VILDANDEN på Sogn og Fjordane Teater 2016, foto: SoFt

VILDANDEN på Sogn og Fjordane Teater 2016, foto: SoFt


Première i Teatersalen i Førdehuset 12. mars 2016

Speleperiode:
Turné i mars og april 2016

Speleplan og billettinformasjon: http://www.softeater.no/billettar/

For forestillingsfoto se her.



VILDANDEN av Henrik Ibsen

REGI
Øystein Ulsberg Brager

SCENOGRAFI
Margrete Eskedahl

LYS
Gaute Fjellbakk

MEDVERKANDE
Reidun Melvær Berge, Yngve Berven, Kai Kenneth Hanson, Idun Losnegård, Kyrre Eikås Ottersen

INSPISIENT OG SUFFLØR
Agnes Alisøy

LYD
Robert Tomkievicz

TEKNIKK
Kjell Furevik, Odd Magne Herland

Omarbeidd for SoFT av Øystein Ulsberg Brager
Omsett til nynorsk av Maria Tryti Vennerød


SoFt Logo